Begge tok medalje

Begge tok medalje

 

foto:midtsiden.no

 

Både Ina Grindheim og Eirin Dale var suverene i dei første kampane i årets VM, som gjekk i irske Dublin denne veka.

Men for regjerande europameister Ina enda VM i semifinalen og Eirin gjekk på finaletap for italienaren ho slo i VM-finalen i 2009.

6-6 rett før slutt

– Det blei, som venta, ein jamn finale. Vi har gått tette kampar i heile år, seier Eirin.

Då det sto 20 sekund igjen var stillinga 6-6. Eirin hamna under og jagde etter poeng, noko som førte til at ho opna seg og sleppte inn eit til. Finalen enda 6-8.

– Eg er skuffa, men det er ikkje det verste tapet eg har gått på. Det var vel hennar tur i dag.

Tapte for verdsmeister

Ina møtte ungarsk motstand i semifinalen og motstandaren hadde ifølgje lagvenninne Eirin ein god dag.

– Ho frå Ungarn er god på å kontra og då Ina hamna under var det berre for motstandaren å ligga og venta og plukka poeng.

– Ina tapte, men ho kan trøysta seg med at ho tapte for verdsmeisteren, jenta frå Ungarn vann også finalen.

 

kilde: midtsiden.no

Det er ikke lenger mulig å kommentere på denne posten