5 av 5 moglege

5 av 5 moglege

Førre helg gjekk VM (Vestlandsmeisterskapet) av staben i Bergen Kampsportsenter. Os kickboxingklubb stilte med fem utøvarar og tok medalje i alle klassane.

– Utøvarane gjorde ein fantastisk innsats i meisterskapet, seier ein stolt hovudtrenar Thomas Jensen.

– Christer Jensen, Sandra Instebø og Mika Stensletten tok kvart sitt gull, mens Vidar Kaastad og Vegard Vangsnes fekk henhaldsvis sølv og bronse, fortel Jensen.

Sandra suveren
Dei fem konkurrerar i semikontakt kor kampen stoppast for kvart poeng utøverane får. Om ein utøvar leiier med 10 poeng stoppast kampen.

– I finalen var Sandra suveren og gjekk så bra at kampen blei stoppa då Sandra leiia med dei nødvendige 10 poenga, seier Jensen.

Kvar kamp går over 2 ganger 2 minutt, med unntak av finalen som gjekk over tre runder a 2 minutt.

Plass til fleire
Os kickboxingklubb har nettopp starta opp haustens parti. Treningane har dei i Os treningssenter kvar tirsdag og torsdag frå klokka åtte om kvelden.

– Vi er omlag 25 – 30 utøvarer, men har plass til fleire. Er du frå 14 år og oppover er det berre å ta kontakt, seier Jensen.

I følge Thomas treng du ikke sloss om du driv med kickboxing. Sporten er ypperleg for å gi kondisjon, balanse, koordinasjon og uthaldenhet, reklamerar han med.

Det er ikke lenger mulig å kommentere på denne posten