Stor tropp til Bergen

Stor tropp til Bergen

Os kickboxingklubb reiste til Sarpsborg med fem utøvarar, men berre fire av dei fekk gå kamp.

– Vegard Vangsnes klarte ikkje vektgrensa og fekk difor ikkje gå kamp, fortel instruktør Christer Jensen.

Betre gjekk det med Mika Stensletten, som vann begge kampane sine greit og kunne ta med seg gullmedalja heim til Os.

Gull til Sandra
Eineste jenta på laget, Sandra Instebø, fekk ein tøffare finale enn Mika.

– Kampen blei jamn, men Sandra var best og vann til slutt, fortel Jensen.

Den første kampen ho gjekk vann ho suverent 13-3.

Den tredje medaljen tok Vidar Kaastad etter å ta tapt den første kampen med eit par poeng. I bronefinalen vann han enkelt og greit, ifølgje Jensen.

– Eg er nøgd med innsatsen til dei andre, men ikkje min eigen, fortel Jensen, som tapte sin første kamp med eitt poeng i løpet av dei siste tredve sekunda.

Osingane konkurrerte i semikontakt.

Stor tropp til Bergen
Neste stemne for Os kickboxing klubb er 26. og 27. februar i Bergen.

– Eg håper vi kan stilla 10-12 utøvarar i Bergen.

Vi tek òg sikte på å få med ein mann i fullkontakt og ein i lettkontakt i tillegg til semikontakt, avsluttar Christer Jensen. peta dunia

Det er ikke lenger mulig å kommentere på denne posten